Fres Festival 2026
Fresviks største festival -- 23. til 25. juli
Fresvik, ei bygd idyllisk plassert i ei av Sognefjorden sine sørlege kneskåler, er kjend for fleire ting: postkortvakker natur, langdistanseløparen Mensen Ernst og den nest siste halshogginga i Sogn og Fjordane. Men mest av alt er Fresvik kjend for å i slutten av juli tilby ein meny av dei ypparste artistane frå eit breitt utval av populærmusikalske sjangrar. Det blir ein ljodleg fest for øyrene, god stemning og dans på bøen til uti dei småe timane!
Sagt om Fres:
- Overlukkeleg med danseskoa på!
- Trekk fram til scena!
- Fres Festival – sjukt utandørs!
Nyttige lenker:
👉🏽 Korleis kome seg til Fresvik
Restriktioner
Fres har 18 års aldersgrense. Sjå informasjon om vergeordning på våre nettsider for dei under 18.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte