Help
© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Fresviks største festival -- 23. til 25. juli
Fresvik, ei bygd idyllisk plassert i ei av Sognefjorden sine sørlege kneskåler, er kjend for fleire ting: postkortvakker natur, langdistanseløparen Mensen Ernst og den nest siste halshogginga i Sogn og Fjordane. Men mest av alt er Fresvik kjend for å i slutten av juli tilby ein meny av dei ypparste artistane frå eit breitt utval av populærmusikalske sjangrar. Det blir ein ljodleg fest for øyrene, god stemning og dans på bøen til uti dei småe timane!
Sagt om Fres:
- Overlukkeleg med danseskoa på!
- Trekk fram til scena!
- Fres Festival – sjukt utandørs!
Nyttige lenker:
👉🏽 Korleis kome seg til Fresvik